Fjell

Kommunane Fjell, Sund og Øygarden har eit moderne, allsidig og ekspansivt næringsliv. Ein stor del av næringslivet er knytt opp mot olje- og gassnæringa. Andre viktige næringar i regionen er fiske, havbruk, marine næringar og handel.

Fjell, Sund og Øygarden har vedteke å etablera ein ny kommune i regionen frå 2020. Med 40 tusen innbyggjarar, vil den nye kommunen verta eit kraftsentrum for eit framtidsretta næringsliv. Den nye kommunen vil leggja vekt på å gje eit så godt teneste- og kulturtilbod til alle aldersgrupper at dette vert eit område der folk vil både bu og arbeida.

Næring
I Fjell er Kystbasen CCB og Ågotnes industriområde eit viktig senter for olje- og gassnæringa. GCE Subsea, som har etablert seg på Ågotnes, er eit unikt senter som styrkjer og internasjonaliserer undervassindustrien i bergensregionen.

Øygarden er vertskommune for store olje- og gassanlegg. Olja vert skipa ut med båt frå Sture, medan gassen går i røyr frå Kollsnes til Europa. I Natur- gassparken Vest er det hamneanlegg og næringsareal for industri.

Sund kommune har marine næringar og turisme som satsingsområde innanfor næringslivet. Dei største arbeidsplassane i Sund er i dag storeksportørar av fisk og fiskeforedlingsprodukt.

Containerhamn
Bergen kommune har avgjort at den framtidige containerhamna skal lokaliserast på Ågotnes i Fjell. Frå 2023 vil regionen kunna ta i bruk eit nytt sotrasamband som sikrar ei effektiv trafikkavvikling mellom regionen og resten av bergensområdet.

Regionsenter
Straume er peika ut som regionsenter. Sotra Kystby utviklar seg frå å vera eit handlesentrum til å verta eit bysenter med eire hundre nye bustader med tilpassa husvære. Bysenteret på Straume skal etter kvart lenkjast saman med ei omfattande utbygging på Nordre Bildøyna. På Straume er det i dag eit omfattande helse- og omsorgstilbod for heile regionen.

Næringsutvikling
Næringsutviklingsselskapet Gode Sirklar er ein viktig reiskap i arbeidet med næringsutvikling i regionen.

Næringslivskontaktar:
• Fjell: Ordførar Marianne Sandahl 
Bjorøy, tlf. 55 09 60 00
• Sund: Ordførar Kari-Anne Landro, 
tlf. 56 32 75 00
• Øygarden: Ordførar Børge 
Haugetun, tlf. 56 38 20 00