Fagforeininga Industri Energi og bransjeforeininga Norsk olje og gass møtes i dag til mekling ved Riksmeklaren. Blir dei ikkje enige, har fagforeininga varsla streik med over 300 personar.

LO-forbundet Industri Energi og Norsk olje og gass har starta meklinga ved Riksmeklaren om at arbeidsgjevarane hadde brote sine forpliktingar i oljeserviceavtalen.

Om ikkje partane vert einige, vil Industri Energi gå til streik på oljeserviceavtalen. Meklinga har frist ved midnatt.

Frå i morgon kan om lag 310 medlem bli teke ut i streik, dersom ikkje partane vert einige. Desse fem selskapa har Industri Energi varsla plassfortredelse for:

  • Schlumberger
  • Halliburton
  • Baker Hughes
  • Oceaneering
  • Oceaneering Asset Integrity

– Rammer boreaktiviteten

Streiken vil i hovedsak ramme miljøhandtering av boreavfall og kan medføre stans i enkelte boreoperasjonar.

– Ein eventuell streik vil ramme boreaktiviteten. Vi håper å finne ei løysing, det gjer vi som regel også, men meiner vi har gitt eit godt tilbod så langt, seier Jan Hodneland i Norsk olje og gass før han går til mekling tysdag føremiddag.

Norsk olje og gass representerer 49 olje/gasselskaper og 59 leverandørbedrifter på norsk sokkel.

Nekta å godta

Bakgrunnen for striden er at Norsk olje og gass i sommar inngjekk avtale med fagforeininga Safe. Industri Energi har nekta å godta denne, og ser meklingsresultatet som ulovleg.

– Avtalen som vart godteke av Safe, set oljeserviceactalen sin lønnstabell alvorleg tilbake i forhold til operatør/boring / forpleiing. Det er ei utvikling som vi ganske enkelt ikkje godtek, uttala områdeleiar Ommund Stokka i Industri Energi førre veke.