Nystarta Sandnes-selskap kjempar om Sverdrup-jobb

Bustadriggen Haven.

Safe Yards har slått seg saman med nederlendarar i kampen om kontrakt på Johan Sverdrup. Om dei vinn, vil det bli behov for fleire arbeidshender.

Saman med det nederlandske verftet Keppel Verolme, konkurrerer Safe Yards om hovedkontrakten for den oppjekkbare bustadriggen Haven i Johan Sverdrup- feltet, skriv Aftenbladet.

Skal oppgraderast
Riggen skal modifiserast og arbeidet med dette vil vare til 2018. Tildeling av kontrakten vert gjort i løpet av månaden.

Statoil har tidlegare sagt at bustadriggen skal få oppgradert styrke og lengde i leggene for å sikre nødvendig kapasitet for arbeid på feltet.

Moglegheiter for arbeidsplassar
Oppgraderingen er forventa å bli gjennomført ved verft i Norge. Bustadriggen vil ha opp mot 400 sengeplassar, og tenestene omfattar både sengekapasitet og forpleiingstenester for prosjektpersonell.

– Om vi får kontrakten, gir det moglegheiter for arbeidsplassar. Vi veit ikkje nøyaktig kor mange, men det vil vere ein god del involverte, seier styreleiar i Safe Yards Magne Aske.

Siste nyheter fra nettverket