Olje- og energiminister Terje Søviknes. Foto: NTB scanpix
Annonse

Terje Søviknes meiner det er viktig å løfte fram oljenæringa.

– Noko av det første du gjorde som olje- og energiminister var å ta næringa i forsvar. Er det det som er jobben din?

– Det er absolutt ein del av jobben min. Å løfte fram næringa er ekstremt viktig, både det næringa har betydd for Norge i 50 år og å sørgje for at folk har tru på framtida for olje og gassnæringa, seier Søviknes til Bergens Tidende.

– Kva framtid har oljebransjen? Vil du rå dine eigne ungar til å satse framtida si der?

– Ja, absolutt! Olje- og gassbransjen vil halde på mange tiår framover i Norge. Eit godt døme er Johan Sverdrup, som kjem i drift i 2022 med ein horisont på 50 år. Det som skjer i Barentshavet er òg veldig spanande. Så olje og gass har absolutt ei framtid, og dei treng både gode hovud og flinke hender framover.

– Prisane på fornybar energi fell raskt, og enkelte meiner olje og gass vil få problem med å konkurrere allereie om 5-10 år. I tillegg kjem eventuelle klimapolitiske tiltak, som kan svekkje konkurransekrafta til olje og gass endå meir. Tek vi ikkje stor risiko om vi held fram med å satse på denne næringa?

– For det første er energibehovet i verda aukande, både på grunn av folkeauke og fordi fleire skal lyftast ut av fattigdom. Internasjonale prognosar, frå til dømes Det internasjonale energibyrået (IEA), viser at ein vil trenge mykje olje og gass i energimiksen òg i 2040. Det er bra prisane på fornybar fell, men verda vil framleis vere avhengig av olje og gass i mange tiår framover.

– Når det gjeld dei nyaste leiteområda, spesielt i Barentshavet, er det felt som først kan kome i produksjon om 10-15 år, tidlegast. Kva tenkjer du om risikoen for selskapa som satsar så langt fram i tid, på felt som blir relativt dyre å byggje ut og difor er avhengige av ein høg oljepris?

– For første er det bransjen sjølv som vurderer lønsemda i prosjekta. Når det gjeld Barentshavet er det viktig at bransjen etter oljeprisfallet har klart å kutte kostnadene med rundt 30 prosent. Det aukar konkurransekrafta, ikkje berre der, men òg generelt på norsk sokkel.

– Men det er vi skattebetalarar som må ta mykje av rekninga viss desse felta ikkje blir lønsame, til dømes viss fornybar vinn fram raskare enn det IEA spår. Oljeselskapa får jo dekt mesteparten av kostnadene ved å finne og byggje ut nye felt gjennom avskrivingar og leiterefusjonsordninga. Tenkjer du på det når du tildeler nye felt?

– Det er risiko i alle næringsverksemd, men det viktige her er at staten òg får 78 prosent av inntektene når felta kjem i produksjon. Til no har staten tent 12.000 milliardar kroner frå Nordsjøen, og då har vi berre vunne ut 47 prosent av det ein reknar med finst på norsk sokkel. Så eg er trygg på at modellen vi har, også er bra for nasjonens interesser. Så registrerer eg at miljøorganisasjonane no er blitt urolege for lønsemda i olje- og gassnæringa. Det er jo rørande.

– Det har vore mykje snakk om oljekrisa på Vestlandet. Mange har mista jobben. Men som du nemner har kutta ført til at bransjen har styrkt konkurransekrafta. Betyr ikkje det at nedturen har vore sunn for norsk oljebransje?

– Eg trur at mange i ettertid ser det var sunt at vi fekk ein korreksjon. Men det er aldri kjekt for dei som mista jobben som følgje av dette. Det har vore nokre vonde år, både for dei enkelte og for arbeidsgjevarane.

– Mange tillitsvalde i oljeselskapa meiner kostnadskutta no går ut over tryggleik og naudsynt vedlikehald. Er du bekymra for det?

– Nei, vi har ein bransje som er opptatt av tryggleik, og Statoil, trass nokre krevjande enkelthendingar, har ei tydleg og open haldning til dette. Ingen i olje- og gassbransjen er i tvil om at tryggleik er ein «licence to operate».

– Viss det viser seg at uvisse om framtida gjer oljeselskapa mindre interesserte i å gå på nye felt, eller utnytte eksisterande, kan det då bli aktuelt å redusere skattane for motivere dei?

– Vi har ingen planar om å gjere noko med skattesystemet. Eg merkar heller ikkje stort sug etter å gjere noko med rammevilkåra, men at bransjen er opptatt av å ha føreseielege og langsiktige rammevilkår. Det gode med ordningar som leiterefusjonsordninga er at det motiverer til høgt leitenivå sjølv i tider med låge prisar.

– Du har innleia på Strategikonferansen for oljeindustrien i Stavanger med ein tale om leverandørindustrien i dag. Kva glimt av lys kan du gje denne hardt prøva næringa?

– Eg opplever at den styrkte konkurranseevna vi no har fått på norsk sokkel gjev grunn til optimisme. Samstundes er det teikn som tyder på at investeringsnivået i bransjen har nådd botnen og skal opp etter kvart. Frå vår side er det å leggje til rette for ny aktivitet gjennom tildeling av nye leiteområde det viktigaste.

Annonse